Typisk for barokken
Barokken var ei europeisk kunstretning, som oppstod på slutten av 1500-talet og spreidde seg vidare utover Europa på 1600-talet. Typisk for barokken var detaljar og store kontrastar, som vart fremma ved effektfull bruk av lys og skygge. Dramatikk, prakt og storslåtte inntrykk vart verdset, og ein hadde eit ynske om å overraske og vise motsetningar. Ein ville vise dei mest voldsame kjensleintrykka - frå ekstase til liding. Barokken omtalast ofte som ein reaksjon på renessansens harmoni og nøysemdheits prinsippa.
Barokken var einskaplig som europeisk kunststil. Dynamiske verkemiddel som illusjonisme og bevegelse var sentralt, fordi dei meinte enkeltelementa var underordna heilskapen. Harmoni var ikkje lenger like viktig som det var i renessansen, men andre sidar som uttrykkskraft, detaljar og sjelelig innhald hadde ein større rolle. Reglar og tradisjonar for kva som var tillatt innafor kunsten blei ikkje lenger respektert.
Det er usikkert kvar ordet "barokk" kjem frå. Nokre meiner det kjem frå barroco (portugisisk), medan ein annan teori er at det kjem frå det italienske ordet barocco, som betyr merkelig og rar.
Døme på typisk barokk:
Spørsmål:
- Når oppstod barokken?
- Kva bar kunsten i denne perioden preg av?
- Kva for teoriar finnast det rundt ordets opphav?
- Når oppstod barokken?
- Kva bar kunsten i denne perioden preg av?
- Kva for teoriar finnast det rundt ordets opphav?
Kjelder:
https://snl.no/barokk
http://no.wikipedia.org/wiki/Barokken
http://kunsthistorie.com/fagwiki/barokk#Kjennetegn
Tema VG2 - Norsk språk og litteratur. Det Norske Samlaget, 2007.
https://snl.no/barokk
http://no.wikipedia.org/wiki/Barokken
http://kunsthistorie.com/fagwiki/barokk#Kjennetegn
Tema VG2 - Norsk språk og litteratur. Det Norske Samlaget, 2007.