Viktige personar
I barokken var det mange viktige personar. Vi skal gjere greie for nokon av dem.
GALILEO GALILEI Galileo Galilei var ein italiensk filosof, fysikar og astronom som levde på 1600-talet. Han blei født 15. januar 1564 i Pisa, døyde 8. januar 1642 i Firenze. Han er mest kjent for utviklinga av teleskopet og oppfatninga om det heliosentriske verdsbilde. Teorien til Galilei går ut på at ein har ein oppfatning om at sola er sentrum i solsystemet. Den katolske kyrkje likte ikkje at han påstod dette, sidan det var i strid med kva Aristoteles teori gjekk ut på. Dermed reiste paven rettssak mot Galileo Galilei. Dommen blei livsvarlig fengsel, men paven endra den til husarrest under gode kår. Han er også kjent for å finne opp pendelen og bevegelse teorien. Bevegelseteorien går ut på at en pendels svingetid ikkje er avhengige av pendelens utslag, i staden for er svingetida proporsjonal med kvadratroten av pendelens lengde. THOMAS HOBBES Thomas Hobbes var ein britisk filosof. I følgje Store Norske Leksikon faktisk ein av dei mest innflytelsesrike britiske filosofar. Han blei født 5. april 1588 og døyde 4. desember 1679. Han er kjent for å ha skrive den berømte politisk-filosofiske boka «Leviathan» i 1651. Namnet Leviathan har Hobbes henta frå Det gamle testamente. I Det gamle testamente er Leviathan eit sjøuhyre. I boka har Hobbes eit positivt syn på einevelde. Gjennom ein samfunnskontrakt skal ein passe på så at grunnleggande interesser, verdiar og plikter blir ivaretatt. Wikipedia skriver at ein samfunnskontrakt er ein tenkt kontrakt inngått av menneske i ein opphavleg statslaus og fri tilstand (naturtilstanden), der menneska i varierande grad gir fridom til ein felles statsmakt. Ein som var motstandar av Thomas Hobbes teori, var filosofen John Locke. Han ønska maktdeling, mens Hobbes ønska einevelde. Han meinte at eit slik styre ville skape fred og sikkerheit. JEAN-JACQUES ROUSSEU 1712-1778 Jean-Jacques Rousseau var ein sveitsisk-fransk filosof og musikar frå Barokken og Opplysningstida. Rousseau formulerte folkesuverenitetsprinsippet og gjekk inn for dei naturlege menneskerettigheter. Dette fekk grunnleggjande betyding i Den Franske Revolusjon som braut laus 11 år etter han døyde. Rousseau sin fornying av synet på barnet og barndommen har også fått enorme følgjer for ettertida si verdsetting av barnet. Då Rousseau levde i Paris ble han kjend med nokon av dei ledande encyklopedistane, blant anna Voltire. I 1749 vant han ein priskonkurranse med skriftet «Discours sur les sciences et les arts.» Dette fekk stor merksam og sikra ham ein plass blant tidas ledande tenkjarar. I seinare år levde Rousseau som flyktning i Sveits og Storbritannia. Dette var på grunn av sin vedkjenning til sin rasjonalistisk-teistisk tro, noko som ikkje falt smak for kyrkja sine menn. JOHAN SEBASTIAN BACH 1685-1750: Johan Sebastian Bach var ein tysk komponist og organsit under barokken. Han er av mange rekna som ein av dei største komponistane nokon gang, men i samtida var han best kjent som ein stor orgel- og cembalovirtuos. Bach er mest kjend for dei religiøse og verdslege verka sine for kor, orkester og soloinstrument. Dette prega barokkmusikken og vart eit høgdepunkt i perioden. Verka til Bach har gitt inspirasjon til fleire seinare europeiske komponistar. ISAAC NEWTON Isaac Newton var født den 25.desmeber 1642 og død 20.mars 1726. Han var ein engelsk matematikar, fysikar, astronom, kjemikar, oppfinnar og naturfilosof. Newton er ein av historienes viktigaste, og kanskje den mest sentrale personen i 1600-tallets naturvitskapeleg revolusjon. Newton studerte bevegelse, gravitasjon og lys, og grunnla ved sine observasjonar den klassiske fysikk. Folk påstår at han oppdaga gravitasjon da han så eit eple falle ned på bakken. FRANçOIS-MARIE AROUET «Voltaire» François-Marie var født 21.november 1694 og død 30.mai 1778. Han var ein fransk historikar og forfattar av essay og filosofiske avhandlingar. Han gjorde seg snart bumerket ved sine satiriske dikt, ble fengslet i Bastillen og i ein periode forvist til Storbritannia. Her såtte han seg inn i naturvitskap og moderne erfaringsfilosofi. Størsteparten av Voltaires verk pregast av troa på at ein ved fornuftens hjelp kan skape ein harmonisk og lykkeleg verden. Mot slutten av hans liv blei menneskesynet meir pessimistisk. Han var ein ledande representant for deisme, en tenking som hevda at det fins ein gud som har skapt alt, men som ikkje styrkar verda. Spørsmål: Kvifor fikk Galileo Galilei husarrest? Kva heiter boka Thomas Hobbes er kjend for og kva handlar den om? Kva var John Sebastian Bach mest kjend for? Kva slags prinsipp var det Rousseau formulert som hadde betydning under Den Franske Revolusjon? Kva var Isaac Newton? Kva var Voltaires verk mest prega av? Kjelder: http://nn.wikipedia.org/wiki/Johann_Sebastian_Bach https://snl.no/Johann_Sebastian_Bach http://no.wikipedia.org/wiki/Jean-Jacques_Rousseau https://snl.no/Jean-Jacques_Rousseau http://no.wikipedia.org/wiki/Leviathan_(bok) http://no.wikipedia.org/wiki/Galileo_Galilei https://www.viten.no/biografi/vis.html?tid=16599 http://no.wikipedia.org/wiki/Isaac_Newton https://snl.no/Sir_Isaac_Newton http://no.wikipedia.org/wiki/Voltaire |