Petter Dass er ein kjend representant for barokken i norsk litteraturhistorie. Han var ein norsk forfattar og prest. Han vart fødd i 1647 på Tjøtta i Helgeland. Han var son av Peiter Dundas og Maren Falk. Peiter Dundas døydde då Petter berre var rundt 6 år gammal.
I tillegg til å vere prest, drev Petter Dass òg med fiskehandel. Frå 1689 dreiv han med sal av tørrfisk til eit verd av over 3 000 riksdaler årleg til den tyske kjøpmannen Gerdt Meyer i Bergen.
Petter Dass høyrer til blant dei mest kjende «svarteboksprestane», og det vart difor sagt at han ikkje hadde nokon skygge. Han tok nemleg djevelen i byte då dei ferdige kandidatane forlét presteskolen i Wittenberg.
Her er nokon flotte tekstar Dass har skreve.
·«Den Nordske Dale-Viise (Dalevisa)» trykt 1683
·«Nordlands Trompet» skriven i tida 1675-1695, utgjeven i København 1739
·«Nordlands beskriving», eit anna namn på Nordlands Trompet, utgjeven i Bergen 1739
·«D. Morten Luthers Lille Catechismus, forfatta i beqvemme Sange under føyelige Melodier (Katekismesongar)» utgjeven i København 1715
·«Aandelig Tidsfordriv eller Bibelske Viisebog» utgjeven 1711
·«Trende Bibelske Bøger, nemlig Ruth, Esther og Judith» utgjeven i København, 1723