John Donne og John Milton:To engelske barokkforfattarar frå ca. 1600-talet til 1750-talet
Båe diktarane er sett på som nokre av Englands beste, og dei nærmast essensielle litterære i barokktida. Medan dei skreiv meisterverka deira, slo anglikanismen til som den nye statskyrkja i England, noko som påverka temaa i dikta. Generelt sett, handla kva dei førelas og arbeidde med som oftast om religiøse oppfatningar, kjærleik og hat, liv og daud, himmel og helvete, gjerne med hjelp frå fleire livlege språklege bilete. Stilen seiast å vere glitrande, og komposisjonen til verka analyserest enno den dag i dag. Vi kjem no til å ta eit overblikk på dei to for å sjå skilnadane, og få eit inntrykk om korleis dei var som menneske.
John Donne (1576-1631)
John Donne var fødd i London, og oppsedinga hans var svært katolsk. Men det endra seg fort da han gjennomgjekk ein religiøs krise, og hoppa over til den da moderne anglikanske troen. 43 år gamal, blei han prest i katedralen til St Paul i den same byen. Talene hans er kjente for å vere lidenskaplege og fylt med kreativ unike analogier:
"Kvar mann er ikkje ein øy for seg sjølv, kvar mann er del av eit kontinent"
"Fornuft er venstrehanda til sjela, høgrehanda er troen"
"Den største av skapnadene til Gud: Elefanten. Eit enormt, men harmlaust dyr"
Tittelen "klokkene ring med deg" kjem óg frå ei av talene hans som prest.
Eit av dikta han skreiv kallast for "Relikvien". Nokre delar av den kjenslemessige og biletefylte stilen hans finnst her:
Fyrstestrofe frå "Relikvien"
Når grava mi påny skal gravast opp og yte husly til ei anna kropp (ei grav, så kvinneleg er hans natur, blir nemleg seng for fleire etter tur) og han som grev med ett får sjå ein gylden lokk rundt knokkelarmen tvunna vil han ikkje la oss vere i fred og tru at det er to elskande han har funne som gjerne ville skaffe seg ein grunn, når domsbasunen bryt blunden til dei daude, til må møtast her ved grava og drøye ein liten stund?
Tittelen tyder ein levning som nokon tror høyrer til ein helgen. Den gylne lokka i grava kan klart samanliknast med det. Bruka av symbol er tydeleg i "domsbasunen", instrumentet som skal vekke de daude frå grava under dommedag. Genrelt sett, kan dette sjåast på som eit djupt religiøst dikt.
John Milton (9.ande Desember 1608 – 8.ande November 1674)
Han var ein embetsmann, skribent, intellektuell, og sett på av nokon som “Det engelske språkets største skrivarare” (Sjå William Hayleys Biografi, kor han omtalar Milton som “Det Engelske språkets største forfattar”).
Han skreiv på ei tid da England var i full borgarkrig mellom kongeriket og ‘Det Engelske Samvelde’ under Oliver Cromwell. Milton var sjølv ein troande republikanar, og embetsmann i regjeringa til Cromwell. Før Karl 2. kom til makta, var han ansvarleg for ein myriade av kongefiedentlege pamflettar.
Da kongen byrja å styre, mista Milton mirakuløst nok ikkje livet, men han blei fratatt denoffentlege plattforma hans. Ved dette punktet i livet, var mannen nesten blind. Det var her han skreiv mange av dei kjente verka hans.
Som eit kjennepreg av barokken, så var mange av Miltons tekstar religiøse av natur. Blant annet skreiv han ‘Paradise Lost’ (Det tapte paradis) hvor han skriv om Lucifer (Satan) og rundluringa hans av Adam og Eva. Diktet reiknast som det mest kjente verket hans, og det var det som gav oss forestillinga om djevelen som ein falla engel.
"The mind is its own place and in itself, can make a Heaven of Hell, a Hell of Heaven."
Kjelder: Tema (vg2), s. 149 – 150 Jansson, Benthe Kolberg. Tema VG2: Norsk språk og litteratur. Det Norske Samlaget: Oslo, 2008. Litt wikipedia.org Diktet “Relikvien” finst på side 394 i den same boka
Vi avsluttar med fem spørsmål:
1. Kva er nokre typiske trekk med barokkdiktinga til Donne og Milton?
2. Kva var religionen dei båe vendte seg til?
3. Kva var namna på nokre av verka deira?
4. Kva verkemedel kan finnast i mange av talene til John Donne?
5. Kva slags religiøse tema fokuserer dei på? Nemn meir enn tre eksempel.