MOTE
Moten
i barokken var svært overdriven. Kvinner skulle ha smal midje og menn skulle ha
storslåtte parykkar. Dei brukte hovudsakleg lyse fargar. Barokken var svært annleis
i forhold til epoken som var før barokken, altså renessansen. Trenden i
barokken var meir om å bere kle seg ut, og gjøre det til mote.
PARYKK Den berømte pudderfrisyren var moderne frå ca. 1700-tallet og 30 år framover. Parykkane til både menn og kvinner blei pudra med kvitt pudder. Seinare blei parykkane pudra brunt. Allongeparykkar var mote i barokk perioden, som blei starta Ludvig den 14. I og med at dei brukte denne parykken, ble heilskjegg-trenden mindre moderne. Dei hadde som oftast bere ein liten bart. Dei engelske dommarane bruker faktisk like parykkar den dag i dag. SMINKE Dei tunge metallene i sminken førte til ein rekke biverknader. Nokon av biverknadene var som tap av hår og tenner, svimmelheit, pustevanskar og hovudpine. På grunn av giftige stoffer i sminken, mista kvinnene ofte tennene sine. Men dette var ikkje eit problem ettersom det å vere tannlaus blei mote. KVINNER Kvinner i barokken brukte korsett og krinoline. Målet dems var å få smalast muleg midje og brede hofter. Dei framheva formane sine så mykje som muleg. Dei brukte noko som heiter kø for å framheve rumpa. Kjoleskjelett og korsett blei brukt for å framheve midje og hofter. Korsettet ga dei pusteproblemar så dei hadde alltid med seg håndvifte. Krinoline blei laga av hestehår, og var forma som eit slags bur rundt kroppen. Det var ein forskjell på korleis klær fattige og rike hadde på seg. Dei fattige bruke kun underkjoler. MENN Antrekka til menn bestod av jakke, knebukse, vest og bluse. Dette blei laga av stoff som ull, silke og broderi. Menn i første periode skulle ha langt hår med hatt som var pynta med strutsfjær på sida. Dei av mennene som ikkje hadde langt nok hår, lagde dei parykkar til. Noko av det siste som var i moten var å ha parykkar med langt krøllete hår, derfor barberte de bort all håret. SPØRSMÅL Kva er ein kø? Kva var grunnen til at dei reagerte så sterkt på sminke? Kvifor barberte menn av seg håret? Kva kjenneteikne menns mote i barokken? KJELDER http://norsk2012-2st3b.wikispaces.com/Moten+i+barokken http://trendergjennomtidene.blogspot.no/2010/02/barokk-har-og-make-up.html http://ndla.no/nb/node/61834 http://en.wikipedia.org/wiki/Baroque |