Religion 1600-talet var ei tid med voldsame politisk, religiøse og økonomiske omveltingar. I barokken tok pavekyrkja og kongen igjen all makt i sin eigne hender. Dette førde til at kunsten hovudsakeleg hadde som føremål å hylle gud, som i mellomalderen, og den verdslege fyrsten. Det var viktig å overtyde mennesket om at pavekyrkja lære var den rette. Maleri, skulptur, arkitektur og musikk vart nytta i den samanhengen. Kunst og arkitektur vart og nytta for å vise fyrsten som eineveldig på det verdslege området. Folk frykta at livet var eit spel, og at tilveret var tomt for meining. Denne kjensla av tomheit gjorde døden til eit stort motiv i kunsten. Frykta for at døden var utan innhald, førde til at ein klamra seg til gud og lovpriste den ordenen han hadde skapt. Denne dobbeltheten vert avspegla i kunsten. Diktarane skildra ein kaotisk verda i bilderike, motseningsfylte tekstar, men freista samsundes å setje dei sprikande detaljane inn i ein symmetrisk samanheng, som kunne spegle gud sin plan.
Kva var typisk for 1600-talet? Kva frykta folk? Korleis kan ein sjå frykt og glede avspegle seg i samtidskunsten? Korleis oppførte kyrkja seg?